Karl Magne og Turid Bolstad Bor på Bolstad.

Karl Magne representerer elveeierne i styret for Vossolauget, er gift med Turid som opprinnelig er fra Helgeland. 

Publisert 10.03.2015 kl. 12:15 av Administrator

Karl Magne, du har fulgt arbeidet med å få Vossolaksen tilbake. Erfaringer og synspunkter?

«Me støttar sjølvsagt opp under tiltak som kan få laksen tilbake att, men som ein del av dei andre grunneigarane, så har me nok syntest at det ein periode var mykje forsking og lite matnyttig resultat. Og me vart nok litt leie av det heile til tider, med alle forskarane som dukka opp i tide og utide. Og sjølv om eksperimenteringa etter kvart gav ei viss tilbakevandring, så er det først med den siste oppskaleringa av smolt produksjonen at me no får resultat som vise att i elva».

Du var vel også av de som var skeptiske til å slippe mer av smolten fra Evanger inne i fjordsystemet.

«Ja, det e riktig. I starten skulle jo smolten slepast ut til kysten før å få mest mogeleg laks tilbake til elva. Det var det som hadde gitt og gav resultat. Men eg ser også etter kvart det viktige i å få vita om smolten klarer seg betre igjennom det indre fjordløpet no som han får høve til å gå ut i større og meir beskyttande stimer. Me ser meir yngel i elva no, og det kan jo gje håp for framtida når laksen må klare livssyklusen åleine»

Hvordan har det vært å samarbeide med oppdrettsnæringa i dette prosjektet, den har jo ofte vært fremstilt som hovedfienden fra villfiskinteressene sin side.

«Her er haldningane forskjellege, og eg er ikkje nødvendigvis representativ for alle. Mange har tru på at oppdrettarane er dei store syndarane. Eg meiner at dei har fått sine løyve eller konsesjonar av myndigheitene til liks med dei som byggjer kraftverk, veg, jernbane eller andre ting som kan ha innverknad for laksen. Løyvegjevar må og passa på at arbeid og drift vert utført som løyvet gjev høve til. Så eg meiner at me må finna ei felles løysing, og at ein framleis må vere viljug til å vurdera utsleping i periodar dersom laksen har vanskeleg med å klara seg inntil ein finn dei endelege løysingane».

Og nå ser du frem til at elva kan åpnes for normalt fiske?

«Det er det me har drømt om i snart tretti år no, at Vossolaksen skal koma tilbake. Eg har vakse opp med fiske sidan eg var gutunge, og våre ungar vaks også opp med det. Dei unge som har vakse opp dei siste 25åra har sjølvsagt knapt sett ein laks, og langt mindre fått vera med på det eventyret dette fisket var. Vosso og Bolstadelva var aldri den elva du fekk flest laks i, men dei som vart tekne, dei var store».

Og hvordan preget dette miljøet?

«Eg skal sei deg at det var ein fin sommarjobb å ro laksefiskarane og kleppe fisken. Det kosta sjølvsagt litt meir å leiga roar og kleppar, men det var det som gav sikrast fangst, og det var ei sikker og god sommarinntekt for dei lokale ungdommane. Alle våre tre gutar heldt på med dette frå dei var 15 og til dei var ferdige med skulegangen. Så sjølv om fiskevanane har endra seg og ikkje minst utstyret har vorte beitre, så håpar eg no at det vert nokon så tar seg råd til å hyre ein lokal roar og kleppar.». «Og ikkje berre sysselsetting for ungdommen», skyt Turid inn. «Det skapte også lokale kvinnearbeidsplasser med oppdekking og overnatting, arbeidsplasser som nå er vekke».

Men dette var jo i sin tid en sport for rike engelskmenn sies det?

«Det er ikkje til å stikka under ein stol at det i storheitstida var mykje velbemidla utlendingar som fant vegen til Vosso og Bolstadelva. No vil det vel bli visse reguleringar av fiskeløyve om det etter kvart opnast for ordinært fiske, men det vert no vonaleg slik at visse strekningar fortsatt kan seljast til høgare pris. Det var no forresten ikkje berre rike engelskmenn so kom. Me merkte ei endring etter kvart som økonomien i Noreg blomstra frå sekstitalet og utover, det var ikkje heilt få Nordsjø helikopter som landa i enga mi med fiskegjester». «Det var no fordeler med engelskmennene og», kommenterer Turid. «Det var ein god skule for ungdommen som fikk lære seg en god munnleg engelsk på en måte som dei ikkje fikk med seg på skulen. Og så fikk dei litt innføring i internasjonale forhold, litt praksis i høflegheit og hjelpsomheit på ein måte som dei heller ikkje hadde vondt av».

Og hva hvis laksen kommer tilbake, noen planer?

«Då har eg stor tru på at reiselivet vil følgje etter. Før i tida stod folk på Bolstadbrua for å følgje med når det vart fiska. Og med den trafikken som no fer langs vegane, så er eg heilt sikker på at dette vil skapa mogelegheiter anten folk kjem for å fiska eller før å sjå på. Elveeigarlaget har alt planane klare for istandsetjing av overnattingsmogelegheiter og organisering av det heile».

Og noen gode fiskehistorier på tampen?

«Ja, det kunne skrivast mange historier om fisket», ler Turid, «det kunne fylt fleire bøker». «Blant anna so var det ein amerikansk general som var her», fortsetter Karl Magne, «han var visst ven med Eisenhower og, vart det sagt. Han var ganske sver, litt dårleg til beins, og fisketeknikken heller ikkje så godt utvikla. Så da storlaksen beit, så fant me i fellesskap ut at det beste var å fylgja etter med båten ned stryket til fjorden der fisken vart lukkeleg landa. Så var det berre å få båt og fiskar oppatt i hølen. Det ordna seg og greitt med hjelp av ein bra flokk tilskodarar som var på plass som vanleg. Båten med både general og laks oppi vart elegant løfta or vatnet, båret opp på vegen, sett på bilhengaren og transportert beinaste vegen attende». Begge ler, «og så var det stort sett veldig trivelege folk som ikkje tok seg sjølve så høgtideleg uavhengig av rang og rikdom», skyt Turid inn, og Karl Magne fortsetter: «På åttitalet var det også to eldre engelskmenn som budde i huset vårt og fiska i Langehølen, mogeleg at dei hadde fått seg ein laks eller to. Det hugsar eg ikkje heilt. Men dei hadde ein fin kveld, og etter at dei kom inn hyggja dei seg med ein whisky eller tre. Om morgonen da den eine skulle vekkje den andre, så var det ikkje råd til å få liv i han, han hadde dessverre avgått ved døden i løpet av natta. Det skapte sjølvsagt ein del styr å få ting organisert. Men då det heile falt til ro og på plass, så konkluderte den attlevande fiskaren med at han var sikker på kameraten hadde fått den beste avslutninga som han kunne ha ynskt seg».

Tilbake

Nyheter

Karl Magne og Turid Bolstad Bor på Bolstad.

Karl Magne representerer elveeierne i styret for V [...] Les mer »

Ola Kvamme. Bor på Stamnes og er den som sleper fisken ut

Vi slår av en prat over benken i styrhuset p [...] Les mer »

Eirik Straume Normann Forsker hos Uni Miljø, oppvokst på Straume

Og du har vokst opp med Vossolaksen?  « [...] Les mer »

Geir Ove Henden, Daglig leder ved Voss Klekkeri

Du får en enklere hverdag nå som pro [...] Les mer »

Tilbakeblikk fremover

I skrivende stund er den 5. og siste årgange [...] Les mer »

Vossolaksen i eit næringsperspektiv

Villaksstammer i forfall Atlantiske villaksstammer [...] Les mer »