Ola Kvamme. Bor på Stamnes og er den som sleper fisken ut

Vi slår av en prat over benken i styrhuset på «Veafjord» etter at smolten er vel anbragt i slepetanken og klar for transporten som skal starte neste morgen. 

Publisert 10.03.2015 kl. 12:11 av Administrator

Du er egentlig pensjonist nå, men er fortsatt en viktig bidragsyter for å få Vossosmolten ut i havet. Hvordan kom du inn i dette?

«Det var vel litt tilfeldig. Eg har jo vakse opp og levd med Vossolaksen heilt sidan eg var gutunge og fekk vere med far min og andre på notfangsten, og så har eg fiska laks på gilja mi på Røyrtangen i fleire år. Etter at eg vart konfirmert har eg drevet mykje med lokal båtskyss i området, både med post og varer, skuleskyss og anna folk og litt reiseliv. Så eg hadde ein båt så passa til formålet, og det var vel grunnen til at eg vart spurd».

Og hvordan opplevde du fangsten og nedgangen for Vossolaksen?

«For oss som hadde fiskerett, så var dette ei særs viktig del av inntekta så fall vekk i løpet av kort tid. Den beste laksen, hugsar eg, det va feralaksen så kom rett inn frå havet. Det kunne me sjå på at han fortsatt hadde lakselus på buken. Det gode fisket varte fram til midten av 80-talet. Då gjekk det raskt nedover, og fisket tok mest slutt av seg sjølv. Ei anna sak var at 80-90% av laksen som me fanga på den tida hadde merke etter drivgarn eller krokgarn på seg, spesielt rundt hove. Då me sat på gilja og keik etter laksen, så var det ofte dei kvite merka etter garnskade so me først såg. Så at Vossolaksen var under sterkt press frå fleire hald, og at det var rett å forby drivgarnsfisket, det kan det ikkje vera tvil om».

Og så ble du med på arbeidet med å berge Vossolaksen.

«Ja. Det va ein forskar frå NINA i Trondheim, Nils Arne Hvidsten, så hadde erfaring med slep av laksesmolt, og som var engasjert saman med forskarane frå Bergen. Det begynte med noko som mest minte om en trekasse og som vart henta nedover frå ei løa oppe i Trøndelag. Det var ikkje så mange å spørja, og det første slepet gjekk heller ikkje så bra. Forholda var tydeligvis tøffare enn i Trondheimsfjorden, for då me kom ut mot Fedje der smolten skulle sleppast, så var kassen i ferd med å gå i oppløysing og me hadde eit sværa bal med å få han inn att til land i straumsjøane. So det vart ein del prøving, feiling og reparering. Men dette fekk vi jo gradvis retta på, 6 år med stadige forbetringar inntil me fekk den første glassfibertanken som også var forløparen for den doble tanken som me brukar i dag. Dei første innretningane var spesielt vanskeleg å tømma for smolt på ein kontrollert måte.   Men no opnar me berre luka bak og gjer på med litt motorkraft, så løftast føreenden av tanken opp av flapsen som er montert i fronten, og så tømmest han mest av seg sjølv».

Det krever også en viss geografisk lokalkunnskap for å drive denne slepinga.

«Jau, først er det oppankringa av tanken i utløpet av Bolstadelva, der smolten skal stå i eit halvt døgers tid for å bli skikkelig prega før utreisa. Der kan det ofte vere stridt i vårløysinga. Neste hinder er på Straume der me skal ut gjennom utløpet av Bolstadfjorden. Då gjeld det å ha berekna transporttida så me treff høgvatnet rett når straumen er på det rolegaste. Så ein skal vita både å manøvrera og følgje med på at fisken har det bra. Men no overvaker me både åtferd og vasskvalitet kontinuerlig med video og forskjellege målarar. Det har vore ei gradvis og nødvendig forbetring av teknologien, og så har me jo skaffa oss ein del erfaring gjennom åra på kva som funkar og kva som ikkje gjer det».

Og hvordan har du opplevd interessen for prosjektet i nærområdet ditt i de årene du har vært med?

Ola ler litt – «jau – det skal eg sei deg. Dei fyrste åra var det mange så meinte at dette berre var noko tull og tøys som desse forskarane inne frå byen for med, og det skal no seiast at so mykje resultat vart det jo heller ikkje å sjå til dei fyste åra. Men ein såg jo alt arbeidet som dei la ned i dette, og so kan det no vera litt lokal jantelov i detta og» – han ler litt igjen. «Men no som det kan likna på ein suksess, so vil visst alle vera med. For min eigen del so vil eg sei at dette har vore eit veldig kjekt prosjekt å vera med på. Det har til tider vore mykje å stå i med, både planlegging og tillaging som skal klaffa, og strevsamt når det har stått på, både natt og dag og med tidvis marginale vêrforhold. Men eg er jo ikkje åleine om slepinga. Eg treng ein mann te, elles hadde det ikkje gått. Så enten har sonen min vore med, han Daniel, eller så har han Andreas Stamnes vore med. Dei har jo andre jobbar å styre med, så dei vekslar om å ta seg fri for å vera med på slepinga».

Og ei kort oppsummering før du legger ut med de siste smoltgruppene fra Evanger?

«Det ser jo lovande ut så langt. Men det er viktig at prosjektet vert fullført på ein skikkeleg måte, og at det vert plass både til yrkes- og hobbyfiskarar dersom me lukkast. Eg må sei at eg er svært glad for at eg har fått vore med på dette».

Tilbake

Nyheter

Karl Magne og Turid Bolstad Bor på Bolstad.

Karl Magne representerer elveeierne i styret for V [...] Les mer »

Ola Kvamme. Bor på Stamnes og er den som sleper fisken ut

Vi slår av en prat over benken i styrhuset p [...] Les mer »

Eirik Straume Normann Forsker hos Uni Miljø, oppvokst på Straume

Og du har vokst opp med Vossolaksen?  « [...] Les mer »

Geir Ove Henden, Daglig leder ved Voss Klekkeri

Du får en enklere hverdag nå som pro [...] Les mer »

Tilbakeblikk fremover

I skrivende stund er den 5. og siste årgange [...] Les mer »

Vossolaksen i eit næringsperspektiv

Villaksstammer i forfall Atlantiske villaksstammer [...] Les mer »