Så eg er vel oppvaksen utan Vossolaks, men med forteljingane om korleis det var, så eg forstod tidleg at her var det noko som mangla og var gale.»
Men så kom dere i gang igjen i 2000?
«Ja, i 2000 byrja lokale kunnskapsbærarar forskingsfiske med sitjenot på Skolmen. Då dei ville trappa ned tok eg på meg sitjenotfisket som 15-åring i 2003, og sidan har eg halde fram arbeidet. Forskingsaktiviteten og den auka kultiveringsinnsatsen var komen i gong, og det var behov for forsøksfangst for å sjekka om innsatsen gav resultat. Sjølv om det var lite laks å få dei fyrste åra, vekte det interessa hjå meg for Vossolaksen og for systematisk opparbeiding av kunnskap.»
Og det kom laks i nøtene?
«Ja, fyrste året eg fiska fekk me 70 villaks og om lag 100 oppdrettslaksar på Stamnes og i Bolstadfjorden. Villaksen vart sett ut att eller nytta som stamfisk, medan oppdrettslaksen vart avliva.»
Eller spist?
«Må vel innrømma at ein og annan oppdrettslaks enda opp på middagsbordet hjå oss eller andre om han elles såg grei ut, men han vart jo ikkje rekna som nokon fullgod erstatning for villaksen.»
Og hva er driveren i dag, forskningen eller drømmen om Vossolaksen?
«Begge deler, vil eg seie. Det er veldig kjekt no når villaksen er på veg attende, det merkar eg godt i nærmiljøet, og særleg hjå den eldre generasjonen laksefiskarar. Samstundes har det vore utviklande å delta i forskingsarbeidet og få erfart kor viktig det er å få fram dokumentasjon og forståing for kompliserte samanhengar. Det er mykje spenning knytt til om tiltaka kjem til å virka, og samstundes er det viktig at oppdrettsnæringa heldt trykket oppe med nedkjemping av lakselus og rømming.