Geir Ove Henden, Daglig leder ved Voss Klekkeri

Du får en enklere hverdag nå som produksjonen på Evanger avsluttes?

«Jau, men det har vært fem spanande år som det har vært fantastisk kjekt å vera med på. Mykje å læra, mykje å gjera - for mykje til tider. Men får vi laksen tilbake te elva, så er det verdt innsatsen!» 

Publisert 10.03.2015 kl. 12:04 av Administrator

Du er villaksentusiast, og legger ikke skjul på din skepsis til oppdrettsnæringen – litt fundamentalistisk til tider vil noen si – kommentar? «Eg legg ikkje skjul på det eg meiner. Oppdrettsnæringa var hovudfienden» – (pause) – «men litt mindre fiende no. Dei har vist stor glede og vilje til å vere med på ei suksesshistorie som kan bidra til å betre omdømmet, og gjekk inn med godt med midlar. Men oppdrettarane må også bidra til bærekraft. Har vanskeleg for å sjå at trusselfaktorane har vorte mindre. Lakselusa og rømt laks må nedkjempast, også om det skulle føre til mindre oppdrett i området». Du har også vært skeptisk til endringene som har skjedd i prosjektet underveis? «Jau, det har eg heller ikkje lagt skjul på. I utgangspunktet var dette eit kultiverings- og forsterkingstiltak der heile smoltproduksjonen skulle slepast til Manger og sleppast der. Det har tidlegare forsøkt vist ville gje best effekt. No har aktiviteten vorte dreidd meir i retning av forsking kor større del av smolten sleppest inne i fjordsystemet. Dei klarar seg dårlegare, og det vert litt bortkasta å sleppe såpass mykje smolt ved Vassenden når ein veit at desse forsvinn. Det er no mi meining». Og for din egen del - utsleping av smolt og planting av egg og yngel i vassdraget er uansett kunstig åndedrett for å opprettholde en villfiskbestand. Hva skjer dersom prosjektet skulle lykkes slik at klekkeriet kan legges ned? «Eg har sagt det før, og eg gjentek det gjerne. Om eg kan bidra til at ein lukkast med å få laksen attende, og Vossolaksen klarar seg på eiga hand, så må gjerne klekkeriet verte nedlagd. Men – her er så mange menneskeskapte faktorar som påverkar laksen negativt at ein må ha ein viss kultiveringsaktivitet enno. For eksempel har kraftutbygginga gitt temperatursenking og mindre smoltproduksjon i Bolstadelva. Vi har og hatt godt samarbeid med forskinga og Uni Miljø og dei vil gjerne ha smolt til vidare forsking. Det vert vanskeleg å kome i gang att dersom klekkeriet vert nedlagd».

 

Tilbake

Nyheter

Karl Magne og Turid Bolstad Bor på Bolstad.

Karl Magne representerer elveeierne i styret for V [...] Les mer »

Ola Kvamme. Bor på Stamnes og er den som sleper fisken ut

Vi slår av en prat over benken i styrhuset p [...] Les mer »

Eirik Straume Normann Forsker hos Uni Miljø, oppvokst på Straume

Og du har vokst opp med Vossolaksen?  « [...] Les mer »

Geir Ove Henden, Daglig leder ved Voss Klekkeri

Du får en enklere hverdag nå som pro [...] Les mer »

Tilbakeblikk fremover

I skrivende stund er den 5. og siste årgange [...] Les mer »

Vossolaksen i eit næringsperspektiv

Villaksstammer i forfall Atlantiske villaksstammer [...] Les mer »