Vossolaksen i eit næringsperspektiv

Villaksstammer i forfall Atlantiske villaksstammer har vore i dramatisk tilbakegang dei siste 20 – 30 åra, og oppfiska kvantum i elv er redusert med 75 % sidan 1970. Frå å vera plattform for omfattande og mangfaldig lokal verdiskaping, er no 97 av 400 norske lakseelvar stengde for alt fiske, og altfor få av elvane som framleis er opne, kan visa til fordoms storheit i høve til årlege, oppfiska volum. 

Publisert 22.06.2012 kl. 15:00 av Administrator

I sum skapar situasjonen frustrasjon for alle interessegrupper rundt denne unike ressursen som villaksen er. Når vi elles veit at om lag 1/3 av det som er igjen av atlantiske villaksstammer er å finna i norske vassdrag, set vi som nasjon igjen med eit stort, internasjonalt ansvar, både moralsk og politisk. Lars Tveit og Ove Kambestad (Voss Klekkeri) sjekkar smoltkvaliteten på Evanger våren 2013. Dei ser særs nøgde ut. Foto: Uni Research AS Ei levande lakseelv representerer eit bredt spekter av verdiar, som på ulikt vis er fletta saman. Særleg viktig er sjølvsagt ei livskraftig laksestamme, som indikator på eit velfungerande økosystem. Men i neste omgang handlar det også om andre verdiar slik som oppleving, folkehelse, lokal verdiskaping, busetnad og arbeidsplasser. Status for Vossavassdraget ved stenging av elva 24. mars 1992 var ei utryddingstrua laksestamme, i ei vakker, men relativt sett verdilaus elv. Kontrasten til tidlegare tider var mildt sagt dramatisk. Elva var kjent for å ha høgast gjennomsnittsvekt på atlantisk laks på verdsbasis (opp til 12,2 kg), og som trekte til seg profilerte og pengesterke sportsfiskarar frå heile verda. Fisketurismens verdikjede For mange er laksen derfor berre middelet, og det eigentlege målet er å skapa verdiar som sikrar lokal busetnad, sårt tiltrengde arbeidsplasser og forretningsutvikling. Turistkonsumet i Norge utgjorde i 2012 omlag 100 milliardar kroner, som er 3,3 % av BNP. 160 000 er rekna å vera tilsette i denne industrien i rundt 14000 reiselivsbedrifter. 30 millionar gjestedøger er eit anna mål som viser at dette er storindustri. Det er i denne marknaden fiske etter villaks høyrer heime. I større grad enn før ønskjer turisten å vera aktiv og utøvande. Laksefiske passer derfor perfekt inn i notidas reiselivsprodukt, og bør ha eit stort utviklingspotensiale om berre laksen ikkje forsvinn. Mange har forsøkt å laga pålitelege modellar for å berekna innteningspotensialet i ei bestemt lakseelv. Det har vist seg å vera vanskeleg, for variablane er mange. I eit prosjekt om laksefiske i Namsen er det berekna ein totalomsetning som nærmar seg 200 mill. kroner pr. år. I eit nasjonalt perspektiv har Norsk institutt for naturforsking (NINA) rekna med at talet på laksefiskarar i elv i 2009 var ca. 110.000. Norges Skogeigarforbund hevdar at fisketurismen same året genererte ein stad mellom 2.500 og 2.900 årsverk, og med en lokal omsetnad på 1,13 mrd. kr. I den same studien går det fram at samla omsetning av laksefisketurisme bør kunna aukast til 2 mrd. kr innan 2020. Verdiskapingspotensialet for Vossovassdraget Fangststatestikkane for Vossovassdraget er mangelfulle, og reflekterer at ulike interessegrupper (fleire elveeigarlag, notfiskarlag, kjær- og garnfiskarar,..) i varierande grad har gjort fiske- og fangsttal tilgjengelege. Statistisk sentralbyrå har offentleggjort statestikk for Vossovassdraget for perioden 1876 – 1991. Denne viser at beste fangståret var 1964 med 10,89 tonn, mens det verste året er 1988 med totalt 0,15 tonn. Fram til dei store endringane kom, vart Vossovassdraget rekna som Norges fjerde viktigaste lakseelv. Det skal leggjast til at fangststatestikken frå sjøfiske etter laks for Voss og Nordhordland Laksedistrikt hadde sitt beste fangstår i 1987, med eit totalt oppfiska volum på 78,61 tonn og med 78,0 tonn året etter. Om ikkje anna seier dette talmaterialet at Vossovassdragert alltid har spelt ei særdeles viktig rolle ved å produsera betydelege volum storlaks for mange interessegrupper. Dette tydeleggjer også at vassdraget har skapt grunnlag for stor verdiskaping både i kroner, og i form av oppleving for turisten. Vellukka snuoperasjon i Vosso-vassdraget Innan norsk villaksforvaltning, har det i mange år vore steile frontar, med norsk oppdrettsnæring på den eine sida, og offentleg forvaltning, sportsfiskarar og miljøorganisasjonar på den andre. Det at så mange norske villaksestammer har kome i fare dei seinare åra, har ikkje gjort klimaet mellom partane mildare. Og kanhenda er det ein samanheng mellom intensivt havbruk og tilbakegangen for norsk villaks. «Redningsaksjonen for Vossolaksen», og med Vossolauget (etablert 2008) i ein sentral rolle, er eit godt døme på eit vellukka «Trippel helix» - basert utviklingsprosjekt, der partane har evna å setja konfliktar og skuldingar litt til side, og fokusera på målet. Mange skal ærast for stort engasjement, men det bør trekkjast fram at mange, oppdrettsrelaterte bedrifter med Marine Harvest Norway AS i front, har lagt stort engasjement og betydelege midlar inn i prosjektet. Samtidig kunne ikkje prosjektet vore gjennomført utan medspelarar som Voss klekkeri, UNI Miljø, Nordhordland Fiskehelsenettverk, og grunneigarlaga langs Vossovassdraget. Og for å understreka prosjektet sin samfunnsnyttige verdi både i høve til miljø, bærekraft og verdiskaping, har Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordaland / Direktoratet for Naturforvaltning, Voss kommune og Vaksdal kommune lagt betydelege midlar inn i arbeidet. Sjølv om den enkelte partnar sitt motiv for å vera med i prosjektet har variert, og haldning til arbeidsform, verkemiddelbruk og metode i utgangspunktet sprikte, har tiltaksarbeidet blitt gjennomført på ein beundringsverdig måte. Framtida for Vossolaksen i eit optimistisk, berekraftig og verdiskapande perspektiv Gjennom ei rekke prosjektrapportar, fagkonferansar, TV innslag / program og avisartiklar har dei biologisk orienterte resultata frå «Redningsaksjonen for Vossolaksen» blitt presenterte. Når sluttrapporten for prosjektet skal skrivast no i 2013, er konklusjonen at det er oppnådd oppløftande resultat som få, viss nokon, hadde vågd å håpa på ved oppstart i 2008. Status er at om lag ein halv million smolt er produsert og sett ut, og at ein må tilbake til tidleg på 80- talet for å sjå like stor oppgang av laks som i 2011 og 2012. Då kan det vera freistande å konkludera med at oppdraget er fullført, og at laksestamma i Vossovassdraget igjen er i stand til å reprodusera seg på eiga hand. Men ein slik konklusjon er betinga, og alt tyder på at det er klokt å følgja utviklinga vidare i eit tilpassa omfang. Vossolauget har drøfta ulike modellar for korleis tiltaksarbeidet bør førast vidare. Her er det mange fasettar, men styret har samrøystes vedteke å foreslå oppretting av eit nytt prosjekt for perioden 2013 – 2016 som både skal følgja opp arbeidet som er gjort, vera i beredskap om prosessane stoppar opp, ta initiativ for å stimulera til lokal næringsutvikling, stø opp om forskingsarbeidet, og elles forvalta og formidla den kunnskapen ein har vunne i dette unike og vellukka prosjektet.

Lars Tveit Næringsseksjonen / Hordaland fylkeskommune Styremedlem i Vossolauget 

Tilbake

Nyheter

Karl Magne og Turid Bolstad Bor på Bolstad.

Karl Magne representerer elveeierne i styret for V [...] Les mer »

Ola Kvamme. Bor på Stamnes og er den som sleper fisken ut

Vi slår av en prat over benken i styrhuset p [...] Les mer »

Eirik Straume Normann Forsker hos Uni Miljø, oppvokst på Straume

Og du har vokst opp med Vossolaksen?  « [...] Les mer »

Geir Ove Henden, Daglig leder ved Voss Klekkeri

Du får en enklere hverdag nå som pro [...] Les mer »

Tilbakeblikk fremover

I skrivende stund er den 5. og siste årgange [...] Les mer »

Vossolaksen i eit næringsperspektiv

Villaksstammer i forfall Atlantiske villaksstammer [...] Les mer »